niina @ lost in space.


ute i soli :D
31.05.09, 18:47
Arkivert under: Min kvardag

I dag har eg lege ute i hagen i soli heilt sidan eg stod opp (nesten i alle fall), og det har vore ganske så deilig, og ganske så varmt. Eg tok med meg dataen ut og lagde ei eigen spelelista med sommarsangar som eg høyrte på, og så drakk eg opp heile to flasker med Utla Kjeldevatn, høhø. Så fikk eg nettopp vita at LM skal feira bursdagen sin (sånn familie-bursdag) i mårgo, så planen min om å øva til mattetentamen vart litt sånn… Ikkje-fungerande. Uffda! Neida, eg får vel stå opp tidlig i mårgo da, så får eg kanskje gjort litt utpå kvelden òg. For ikkje faen om eg skal øva i dag! Nemlig.



hageparty!
31.05.09, 01:07
Arkivert under: Min kvardag | Tags: ,

Hei og hopp! No har eg komme heim igjen fra Erlend, der me hadde eit ganske så koslig hageparty! Ein veranda med potetgull, brus, tepper og godtfolk, kan det bli bedre? Haha. Vart mykje prat, og til og med litt (les: masse) skumle lokale bygde-historiar. Nei, eg blir aldri lei slikt, det er nemlig alt for moro! Hihi. Men ja, kjempe koslig kveld i alle fall! :)



s to the ol!
30.05.09, 20:02
Arkivert under: Min kvardag

For i dag har det nemlig vore sol! Og eg har gått i shorts! Planen videre er å møta Erlend, for så å reisa bort til han, så da får me sjå om alt går etter planen. Så bloggar eg heilt sikkert igjen seinare! :) (Berre sjå vekk ifra det faktum at eg har vore ein ganske så crappy bloggar i det siste.. Eg føler i alle fall at eg har vore det)



me elskar måkar
29.05.09, 21:26
Arkivert under: Min kvardag

I dag tidlig var eg i Lærdal til tannlegen, og etter det var gjort var det rett på skulen og skriva engelsk tentamenen (som eg vart ferdig med på ein time). Etter det igjen vart Sofie med meg heim igjen, så fiksa eg musikk på iPodn hennas. Seinare reiste eg ut med Erlend og Eline, noko som var koskos! Hihi. :)



break even
28.05.09, 00:06
Arkivert under: Min kvardag

Eg har faktisk ikkje tenkt til å skriva veldig masse sånn “my life sucks”, “livet mitt er crap” eller “skyt/drep meg” greier her no, rett og slett fordi eg er så trøtt og lei at det halve kunne vore nok. Så derfor blir deeet, ehh.. eit “hei” :)

Feel good-sangar ftw! (Sjølv om dei egentlig ikkje hjelper så masse..)



daffedag?
26.05.09, 19:40
Arkivert under: Min kvardag

Snakk om at eg er trøtt i dag da.. I dag fristar det med daffing på rommet med høg musikk (ehh, er det ikkje det eg gjere kvar dag?). Fordi det pleier nemlig å vera ganske så koslig det, men ikkje no. Det begynnar nemlig å bli vansklig å finna fram til sengi mi. Eg må liksom.. laga ein sti. Kanskje eg heller skal *æsj* rydda (!) rommet mitt da, slik at det blir litt koslig igjen, for du kan vel sei at det trengs. Og når det er sånt vêr ute som no, så er det vel berre å setta på Karpe Diem – Regnvær, og setta i gang å rydda da? (Neida. Joda. Neida.) Anyways, me bloggast!



grattis maria! :D
26.05.09, 00:00
Arkivert under: Uncategorized



daffedag
25.05.09, 22:03
Arkivert under: Min kvardag

I dag gjekk eg på skulen etter kun tre timar med søvn, men ta det med ro folkens, eg kom meg gjennom det! Haha. Ein veldig trøtt dag sånn ellers da, men i seks tiden reiste eg i alle fall ut med Erlend! Me reiste opp til meg med litt godis og hadde ein daffedag i lag! Hihi, koslig ♥



æsj..
25.05.09, 02:06
Arkivert under: Uncategorized

Eg hatar detta! Og eg veit at eg har sjølv lagt opp til det, ettersom eg ikkje har lagt meg før etter fuglane har stått opp i det siste, men uansett! Dårlig gjort.. Eg har til og med snart brukt opp batteriet på iPoden min, og da får eg ikkje høyra musikk på skulen i måro, og det er gale det! Velvel, får vel prøva litt til da.. Forhåpentligvis; God natt ♥



det var den langhelgi..
24.05.09, 21:30
Arkivert under: Min kvardag

Ja, det var den langhelgi.. Ferdig. Og den gjekk utrulig fort spørr du meg.. Dagen i dag (som eg òg vakna litt seint til..) har gått til eh.. ingenting. Joda, eg har faktisk vore oppe hos Nikolai, og (once again) fikk eg ilt i magen og tårer i augene av å vera der. (Om du ikkje skjønnte det; eg lo meg til ilt i magen og tårer i augene altså.) At Andreas halvveges låg oppå meg gjorde ikkje saken så mykje bedre. Sånn ellers så har eg vore heilt aleina heime i dag sia eg vakna, og LM har hatt heilt vaskemani mens eg har vore ute dei siste dagane (me har vore aleina heima), så heile huset glinsar, og eg har hatt ekko etter meg. Ja, EKKO. Og berre så du veit det så kjedar eg meg utrulig (!!!!!!!!!!) masse no. Så masse at eg ikkje har blogga til og med! Det syns eg seier det meste egentlig (not really..). Men nei, no skal eg ned å finna meg melkesjokolade (♥) og kanskje litt potetgull, slik at eg kan rulla til skulen i måro. Bloggazt!